Kontakt oss Ledige stillinger Min side

Voksenopplæring

Hol kommune samarbeider med Ål og Gol kommuner om voksenopplæring

 

Voksenopplæringen er delt inn i to deler som følger.

Hol kommune har avtale med Ål kommune om undervisning i norsk og samfunnsfag for bosatte flyktninger, gjenforente familiemedlemmer og arbeidsinnvandrere.

Ål vaksenopplæring

Mer informasjon om Ål vaksenopplæring finner du her.

Læringssenteret Gol

Læringssenteret Gol gir tilbod om kurs i norsk med samfunnskunnskap for framandspråklege på alle nivå for alle innvandrarar busett i kommunane Flå, Nesbyen, Gol og Hemsedal og for bebuarar i mottaka i Nesbyen og Hemsedal. Vi har også eksamensretta grunnskuleopplæring med karakterar for busette i alle kommunane i Hallingdal, opplæring i grunnleggande ferdigheiter og spesialundervisning. For same målgruppe har vi også tilbod om realkompetansevurdering. Læringssenteret Gol har høgt kvalifiserte lærarar med lang erfaring på alle områder, og vi bruker IKT breitt i undervisninga.

Elevgrunnlaget på Læringssenteret Gol
  • Innvandrarar med rett og/eller plikt til norskopplæring (inklusive familiegjenforeinte) 
  • Andre vaksne framandspråklege som ynskjer norskopplæring (arbeidsinnvandrarar) 
  • Asylsøkjarar 
  • Mottaksbebuarar med opphaldsløyve 
  • Alle vaksne (over 25 år) med rett til opplæring på grunnskulens område, inklusive opplæring i grunnleggjande ferdigheiter, og rett til realkompetansevurdering 
  • Vaksne med rett til spesialundervisning 
  • Innvandrarar som ynskjer opplæring i norsk på høgare nivå 

 

Grunnskule for vaksne 

Læringssenteret Gol  organiserer grunnskuleopplæring for alle vaksne som er busett i Hallingdal. Alle dei 6 kommunane i Hallingdal har ei samarbeidsavtale om dette tilbodet. Alle som søkjer, sender søknaden til Læringssenteret Gol som handsamar alle søknader. Same søknad brukast også om du søkjer om realkompetansevurdering. Etter at vi har motteke søknaden, blir du kalla inn til ei samtale der vi vurderer om du er kandidat for grunnskoleopplæring eller realkompetansevurdering. Les meir om realkompetansevurdering på eigen side.

Det ordinære grunnskuletilbodet er eit fulltidstilbod som strekkjer seg over 2 år. For framandspråklege som har svake forkunnskaper, gjer vi vedtak om eit 3-årig løp, det vil si at dei går i ei innføringsgruppe det fyrste året. Da får dei ekstra opplæring i norsk og grunnleggjande kunnskap i dei andre faga. Alle kandidatar til grunnskule blir innkalla til ei testing i alle fag. Om du har mange år med grunnskule frå heimlandet, god allmennkunnskap og god kunnskap i norsk og engelsk, kan det vurderast om du kan gå rett inn på det 2.året i grunnskuleløpet.

I særskilte høve blir det vurdert om søkjarar treng eit forkurs i grunnleggjande ferdigheiter: lese, skrive, rekne, uttrykkje seg munnleg og digitale ferdigheiter. Dette er ferdigheiter du treng for å kunne fylgje det ordinære opplæringsløpet.

Realkompetansevurdering 

På eigen side kan du lese om Læringssenterets tilbod om grunnskuleopplæring for alle vaksne som er busett i Hallingdal. På eigen side kan du også lese om retten til grunnskule for vaksne. Har du rett til grunnskule for vaksne, har du også rett til realkompetansevurdering. Same søknad blir brukt til å søkje om grunnskule og realkompetansevurdering, og bur du i Hallingdal, sender du søknaden til Læringssenteret Gol som handsamar alle søknader. Etter at vi har motteke søknaden, blir du kalla inn til ei samtale der vi vurderer om du er kandidat for realkompetansevurdering eller grunnskoleopplæring.

Kva er realkompetansevurdering? Opplæringsloven slår fast at den vaksne har rett til rådgiving om kva opplæringstilbod som passer best for den einskilde. Realkompetansevurdering blir brukt for å samanlikne den vaksne sin kompetanse med læringsmåla i læreplanen for grunnskulen. Vurderinga vil syne om du treng eller ikkje treng grunnskuleopplæring.

Å bli realkompetansevurdert kan være aktuelt for vaksne fra utlandet som vil ta grunnskuleopplæring, og som ikkje kan dokumentere grunnskuleopplæringa frå heimlandet.

Realkompetansevurdering har som formål å finne ut av kva den vaksne kan og å dokumentere dette, uavhengig av kor og korleis den vaksne har fått sin kompetanse. Den vaksne kan få dokumentert sin kompetanse utan å måtte gjennomføre heile grunnskuleopplæringa. Vurderinga fastslår om den vaksne sin kompetanse er likeverdig med den kompetansen som grunnskuleopplæring gir.

Vurderinga gir ein dokumentasjon på kva kompetanse den vaksne har fått godkjent. Dersom kompetansen i eit fag er godkjent, har du ein kompetanse som er lik karakteren 2 eller høgare. Dokumentasjonen er likeverdig med vitnemål på fullført grunnskule, og du kan bruke den om du vil søkje på vidaregåande opplæring.

Realkompetansevurdering er gratis.

Søknad om realkompetansevurdering eller opplæring på grunnskolens område - for voksne

Læringssenteret Gol