
Sissel Gjerland Ekra, kontor ved Ål legekontor, Helsetunvegen 15, 3570 Ål.
Tlf. 482 17 774. Epost: sissel.gjerland.ekra@hallingdal.no
Informasjon om logopedtenesta
- Logopedtenesta er retta mot helse og omsorg og vaksne. Tenesta gjeld for alle dei seks kommunane i Hallingdal.
- Tenesta skal fordelast prosentvis mellom kommunane ut frå antall innbyggjarar.
- Logopeden arbeider tett opp mot Hallingdalsjukestugu og rahabiliteringa der ved aktuelle forløp.
- Logopeden skal i tillegg vere tilgjengeleg for helsepersonell på institusjonane i Hallingdal. Enten ved kurs og undervisning, eller bistå med tilrettelegging rundt enkeltsituasjoner. Institusjonane kan sjøl ta kontakt med logopeden og gjere avtale.
- Pårørande kan også gjere avtale med logopeden for å få råd og veiledning.
For å få time hos logoped treng du henvisning frå lege eller spesialist. Ta kontakt med fastlegen og han vil henvise deg vidare.
Logopeden har kontor ved Ål legekontor.
- Kontortid med klinisk arbeid frå mandag til torsdag frå kl. 08.00 – 16.00.
Fredager kun kontortid men kan nåast på mail og telefon. - Logopeden er ikkje tilgjengeleg når han har konsultasjonar.
Kven kan ha bruk for logoped?
- Pasientar med AFASI etter hjerneslag, ofte med følgevanskar som ordleiting, taleapraksi, dysartri og dysfagi.
- Parkinson-pasientar som treng hjelp til å vedlikehalde stemmekvalitet.
- ALS pasientar for å jobbe med pust, tale og tilrettelegging av alternativ kommunikasjon.
- Ulike stemme- og talevanskar som har oppstått grunna stemmebruk, sjukdom eller skade.
Tlf: 482 17 774
Epost: sissel.gjerland.ekra@hallingdal.no