Hol kommune

Nasjonalparkkommunen

Min side  Kontrast   English    Kart   Nettstedskart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Logoped

  

Informasjon om logopedtenesta

  • Logopedtenesta er retta mot helse og omsorg og vaksne. Tenesta gjeld for alle dei seks kommunane i Hallingdal.
  • Tenesta skal fordelast prosentvis mellom kommunane ut frå antall innbyggjarar.
  • Logopeden arbeider tett opp mot Hallingdalsjukestugu og rahabiliteringa der ved aktuelle forløp.
  • Logopeden skal i tillegg vere tilgjengeleg for helsepersonell på institusjonane i Hallingdal. Enten ved kurs og undervisning, eller bistå med tilrettelegging rundt enkeltsituasjoner. Institusjonane kan sjøl ta kontakt med logopeden og gjere avtale.
  • Pårørande kan også gjere avtale med logopeden for å få råd og veiledning.

 For å få time hos logoped treng du henvisning frå lege eller spesialist. Ta kontakt med fastlegen og han vil henvise deg vidare.

 Logopeden har kontor ved Ål Legekontor.

  • Kontortid med klinisk arbeid frå mandag til torsdag frå kl. 08.00 – 16.00.  
    Fredager kun kontortid men kan nåast på mail og telefon.
  • Logopeden er ikkje tilgjengeleg når han har konsultasjonar.

 Kven kan ha bruk for logoped?

  • Pasientar med AFASI etter hjerneslag, ofte med følgevanskar som ordleiting, taleapraksi, dysartri og dysfagi.
  • Parkinson-pasientar som treng hjelp til å vedlikehalde stemmekvalitet.
  • ALS pasientar for å jobbe med pust, tale og tilrettelegging av alternativ kommunikasjon.
  • Ulike stemme- og talevanskar som har oppstått grunna stemmebruk, sjukdom eller skade.

Tlf: 48217774

Mail: sissel.gjerland.ekra@hallingdal.no