Hol kommune

Nasjonalparkkommunen

  Kontrast   English    Kart   Nettstedskart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Treng du litt ekstra til jul?

Du kan søke om julehjelp frå Frelsesarmeen i Hallingdal.

Frelsesarmeen har lange tradisjonar for å yte ekstra bistand til økonomisk vansklegstilte, både til jul og elles i året. Dei siste åra har dette også blitt eit fast, organisert tilbod i Hallingdal.

Til jul i fjor formidla dei julemat og gåver, økonomisk støtte og opplevingar til 77 barn og 132 vaksne i 84 husstandar i Hallingdal.

Her finn du informasjonsbrosjyre om tilbodet, med søknadskjema:

Søk om hjelp til jul