Lokalhistorie i Hol

Hol kommune er godt dekt med lokalhistorie.

Folk og fortid i Hol
Brørne Sigurd og Lars Reinton har skrive første generasjon av bygdebøkene. Bokverket har åtte bind med tittelen Folk og fortid i Hol. Dei to første er generell bygdehistorie, bind III-VII er gards- og slektshistorie, og bind VIII er registerbind. Bind I kom ut i 1938 og bind VIII i 1982.

Hol i hundre år
I 1995 begynte arbeidet med å føre vidare den generelle bygdehistoria fram til 2000. Kåre Olav Solhjell vart engasjert til arbeidet. Etter samråd med bygdeboknemnda vart det laga eit opplegg for overlapping med bind II av Folk og Fortid i Hol, slik at den nye generasjonen av bygdebøker skulle dekke heile 1900-talet. Bind I kom ut i 2000, Bind II kom i 1997 og Bind III i 2010.

Utvandringshistorie
I 1997 bad bygdeboknemnda forfattaren bruke noko arbeidstid på å førebu ei historisk framstilling av utvandringa frå Hol. Dette er nærare utdjupa i ein avtale mellom kommunen og forfattaren frå 2000.

Anna lokalhistorie med emne frå Hol
I Hallingdal blir det kvart år gitt ut fleire bøker med lokalhistorisk innhald. Nokre av dei blir gitt ut med støtte frå Hol kommune og Hol sparebank. Desse bøkene kan kjøpast i Hol sparebank. 

Publisert
03.09.2007
Sist endra
03.12.2010
Publisert av
Liv S. Lindestad

Kontaktinformasjon

Hol kommune
Ålmannvegen 8
3576 Hol

Telefon: 3209 2100
Send E-post til Hol kommune

Kultur og oppvekstsjef
Børre Evensen