Økologisk fagkveld i Hol 13.4.2010
Økologisk fagkveld 13.04.10 i Hol er utsatt grunna møtekollisjon.
Ein satsar på å koma attende med fagkveld seinare.
Er du interessert i å vera med i eit øko-nettverk, meld frå til landbruksavdelinga i Hol.
Opprinnelig invitasjon til møte
Som eit ledd i å følgje opp regjeringas og Buskeruds handlingsplan for økologisk landbruk arrangeres det fagkveld i Hol tysdag 13.04.10 kl 19-21. Det er innhenta foredragsholdere frå Fylkesmannen i Buskerud, Norsk landbruksrådgivning Østafjells og Hol bondelag.
Hol kommune, landbruksavdelinga har fått innvilga midlar til å gjennomgå eit prosjekt for å auke den økologske produksjonen, og i denne forbindelse arrangerer landbruksavdelinga fagkveld.
Tema som vil bli gjennomgått:
- Orientering om Regjeringas og Buskeruds målsetting for økologisk produksjon v/ Øysetin Haugerud, Fylkesmannen i Buskerud
- Kvifor økologisk landbruk – argumenter v/ Øystein Haugerud og Hol Bondelag
- Regelverk og tilskuddsordning v/ landbrukskontoret i Hol
- Kunnskap og motivasjon til økologisk grovfor- og husdyrproduksjon i fjellbygda Hol v/ Aslak Botten, Norsk landbruksrådgivning Østafjells
- Informasjon om Gratis fyrsteråd og kva som er viktig å tenkje på i ein omleggingsprosess v/ Aslak Botten; Norsk Landbruksrådgivning Østafjells
Enkel bevertning.
I vekstsesongen er planen å legge opp til ein markdag, der ein ser på jordstruktur, plantevalg og mekanisering. Fokus på agronomi.
Fagtur er under planlegging, og målet er at denne turen skal gi inspirasjon og anledning til å danne nettverk. Mogleg samarbeid med økologisk nettverksgruppe i Modum.