Bygging av landbruksveg

Bygging av skog- eller jordbruksveg, både bilveg og traktorveg, kan ikkje starte før godkjenning er gjeve av kommunen. Det er søknadsplikt både ved nybygging og opprusting av eksisterande veg.

Unntatt søknadsplikt er enkle driftsvegar som gir små terrenginngrep; fylling eller skjæring over kortare strekningar der avviket frå terrengnivå er mindre enn 1 meter. Er du i tvil, ta kontakt med skogbrukssjefen. 

Søknad 
Veglina innteikna på kart 1:5.000 (ØK) og i målestokk 1:50.000 skal fylgje søknaden. Opplysningar om landbruksressursar innanfor deknings-området til vegen må fyllast ut. Spesielt viktig er det at estimert byggekostnad og forventa transportvinst er sett opp ( kalkyle kan leggast ved).

Dersom vegbygginga vedkjem naboar og rettigheitshaverar skal desse varslast gjennom kopi av vegsøknad og liste over personane skal leggast ved søknaden til kommunen.

Dersom bygging omfattar ny avkøyring frå eksisterande kommunal veg eller fylkesveg, må du søke om avkøyringsløyve. Info om dette får du på servicetorget.  

Vilkår
Kommunen kan seta nærare vilkår for bygging av omsøkte veganlegg.

Saksgang
Det er ikkje handsamingsgebyr på vegsaker. Det er ingen spesiell søknadsfrist, sakene vert handsama etter kvart.

Kommunen oversender søknaden til høyringsinstansane som er Fylkesmannen i Buskerud og Buskerud Fylkeskommune. Høyringsfrist er minimum 1 månad, men ved evt. trong for synfaring på barmark må lengre tid påreknast. Etter høyringsrunden tek kommunen stilling til søknaden. Kurante saker tek rådmannen på delegasjon medan saker der det er innvendingar til vegbygginga, vert avgjort av politisk nivå som er sektorutval for teknisk, næring og ressurs.

Kommunalt vedtak kan påklagast av både søkjar, høyringsinstansar og andre som er å rekne som part i saka. Du må derfor vente i 3 veker etter evt. godkjenning frå kommunen før vegbygginga kan starte.  

Skjema og rettleiing finn du her.

Nærare opplysningar vedr. søknad
om bygging av landbruksvegar: 
Forskrift om planlegging og godkjenning
av vegar til landbruksføremål

Publisert
21.12.2007
Sist endra
03.12.2010
Publisert av
Eli L. Grimsgård Kleven

Kontaktinformasjon

Jordbrukssjef
Sigurd Dahle Tlf 32 09 21 25

Utmarkstekniker
Svein D. Eriksen Tlf 32 09 21 23

Skogbrukssjef
Ragnar J. Haga Tlf 32 09 21 83
(kun fredag)

Konsulent
Anne Stine Bondli Tlf 32 09 21 17
(mandag, tirsdag og torsdag)

Sekretær
Sigrid Nestegard Vivelid Tlf 32 09 21 20