Olav S. Reinton

Bilde av fotograf Olav S. Reinton

Olav S. Reinton var den andre i rekkja av fotografar i Hol. Han var fødd 31/1 1886. I sitt vaksne liv var han både heradskasserar og kyrkjeorganist. I 1906 hadde han skaffa seg fotoutstyr og tok til med fotografering. Han dreiv mykje sjølvstudium og let seg inspirere bl.a. gjennom tysk fotolitteratur. Han laga seg eit mørkerom i kjellaren i Solvang i Hol der Reinton familien budde.

Seinare bygde han sitt eige fotoatelier som låg like ovanfor gamlekyrkja.
I 1914 vart Olav sjuk av tuberkulose og døydde 17/9 1916, berre 30 år gamal.

Han etterlet seg omlag 1200 glasplater med motiv frå dei fleste bygdene i Hol kommune, men mest frå Holsbygda. Likeså var han ein dyktig portrettfotograf som og såg verdien av å forevige arbeidsliv og aktivitet i si tid.
Heile fotosamlinga til Reinton er tatt vare på i Hol Bygdearkiv

Publisert
03.09.2007
Sist endra
03.12.2010
Publisert av
Jan Robert Wiik

Kontaktinformasjon

Hol Bygdearkiv

Dokumentarkivet
Telefon: 3209 2239

Fotoarkivet:
Telefon: 3209 2238

Åpningstider i arkivet:
Tirsdager 9-15 og 18-20
Torsdager 9-15

Ellers etter avtale.