Arne Grøvo
Fotograf Arne E. Grøvo vart fødd på garden Grøvo i Hovet 29.8 1892. Han var yngst av 3 søsken og skulle bli bonde. Men interessa retta seg tidleg mot fotografyrket og det var fotograf Olav S. Reinton som var det store forbildet.
Arne E. Grøvo begynte å fotografere i det tidsrommet då Olav S. Reinton vart sjuk dvs. rundt 1915. Han overtok også atelieret til Reinton og brukte i mange år same teknikk med glasplater som sin forgjengar.
Seinare flytte han til Geilo der han bygde seg sin eigen fotoforretning med atelier. I hans tid utvikla fotograferinga seg radikalt med mange nye format og filmval. Han opplevde å krympe filmen frå glasplatestørrelsar så store som eit A4 ark og ned til det formatet me har i dag. (35 mm). I denne perioden dukka og fargefilmen opp, sjølv om Grøvo vesentleg heldt seg til svart kvitt.
I Hol bygdearkiv ligg det vel 10000 av Grøvo sitt originalmateriale med motiv som vesentleg syner portrett, interiør, arbeidssituasjonar, gards og bygdebilete osv.
Fotograf Arne E. Grøvo gjekk bort den 23.4 1961, 69 år gammel.