Tilskot til miljøføremål i skog
Søknadsfrist er 1. november.
Tilskot etter ordninga føreset at miljøverdiane er registrert etter ”Miljøregistreringar i skog ” (MiS) metodikk. Alle tiltak etter ordninga skal godkjennast på førehand av kommunen. Søknadsskjema finn du under.
Det kan gjevast tilskot til dekking av meirutgifter og økonomisk tap ved særlig økonomisk tyngande miljøomsyn.
Område som vert sett til side i 10 år eller meir
Skogeier må sjølv ta den økonomiske kostnaden ved å la ein mindre del av skogarealet stå urørt.
For eigedomar under 500 daa produktiv drivverdig skog kan det gjevast 30 % tilskot når det er sett av område med hogstmoden skog der nettoverdien av tømmeret utgjer meir enn kr 10.000,-
For eigedomar med meir enn 500 daa produktiv skog aukar grensa, med 2.000 kr pr 100 daa før det kan gjevast tilskot.
Minste tilskot er kr 3.000 og normalt skal tilskotet ikkje overstige kr 75.000.
Miljøinformasjon etter ordninga vil vere offentleg tilgjengeleg.
Frist for søknad er 1. november. Søknadane vert handsama av kommunen. Fylkesmannen i Buskerud er klageinstans.
Søknaden må innehalde kart og utdrag av opplysningane frå MIS-registreringa som skogeigar har fått tilsendt.
Hjelpeskjema for utrekning av tilskot må og vera fyllt ut og følgje søknaden.
Miljøkvalitetar som krev skjøtsel eller spesielle tilpassingar ved hogst
Det kan gjevast inntil 100 % tilskot til dekking av kostnadane ved å gjennomføre skjøtselstiltak for å utvikle miljøkvalitetar, og til dekking av økonomiske tap der miljøkvalitetar krev økonomisk tyngande miljøtilpassingar ved drift.
Tilskotet vert rekna ut av den kostnaden og dei tap som overstig kr 5.000,-.
Andre tiltak
Andre tiltak for å ta vare på og utvikle kulturminne og friluftsliv kan få tilskot så lenge den årlege tilskotsramma gir rom for det.
Registreringsarbeid kan ikkje reknast med, men utgifter til planlegging og gjennomføring kan takast med i tilskotsgrunnlaget.