Skogfond
Forskrift om skogfond pålegg skogeigar å setta av delar av inntekta frå sal av tømmer. Skogavgifta kan brukast mellom anna til skogkulturtltak, vedlikehald/bygging/opprusting av skogsveg og miljøtiltak i skogen.
Innbetaling
Det skal avsetjast til skogfond ved sal og annen omsetning av tømmer, unntatt er bruk av virke til eigen verksemd innan jord- og skogbruk. Skogeigar kan sjølv velje kor mykje som skal avsettast i intervallet 4 - 40 % av virkets bruttoverdi.
Val av %-sats må skje når du skriv kontrakt med kjøpar. Plikten til å avsetje til skogfond gjeld for massevirke, skurtømmer og spesialvirke av både bartre og lauvtre, også virke til ved og til andre bioenergiføremål. For juletrær og pyntegrønt kan skogeigar sjølv velje om det skal avsetjast til skogfond.
Utbetaling
Krav om registrering /utbetaling av skogavgift skal sendast skogbrukssjefen som godkjenner og tilviser avgiften for utbetaling. Skogavgiftsrekneskapen vert forvalta av landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Buskerud.
Krav
Investeringar og tiltak skal vera fagleg, økonomisk og økologisk forsvarlege, og må vera i tråd med føremål og reglar i skogbruksloven, eller gjeldande føresegner heimla i skogbruksloven.
Registrering/utbetaling til godkjente investeringar skal sendast til skogbrukssjefen etter kvart, seinast 1. desember i det kalenderåret som investeringen er gjennomført. Alle krav om utbetaling skal vera signert og tilstrekkeleg dokumentert med kopi av bilag. Skogeigar har plikt til å skaffe den dokumentasjonen som kommunen ber om.
Det må også koma fram om det er skogeigar eller andre som skal ha utbetalt skogavgift.
Registrerte, men udekka investeringar kan utbetalast i etterkant av investeringa. Tidshorisont er ulik t.d. skogkultur inntil 2 år og vegar inntil 5 år. Etter dette vert registreringa automatisk sletta. Skogbrukssjefen har oppdaterte lister for kva som er registrert som udekka investering hjå den enkelte skogeigar.
Tilråding
Du bør betale rekningar som kan dekkast med skogavgift frå eigen bankkonto og deretter sende krav om refusjon frå skogavgiftskontoen. På den måten unngår du å trekkje skogavgiftskontoen med mva. Ikkje bruk skogavgiftskontoen til å dekke tiltak som ikkje gir skattefordel, unntaket er dersom du har mykje inneståande skogavgift.
.