I følgje skogbrukslova har skogeigaren plikt til å setyja i gang foryngingstiltak innen 3 år etter hogst. Forynging av skog kan skje gjennom planting, naturleg forynging eller ein kombinasjon mellom desse 2 foryngingsmetodane. Hugs at aktuell foryngingsmåte må vere avklara før hogst slik at rett hogstform kan nyttast.
Planting
Planting er den sikraste metoden for å få opp tilfredsstillande forynging av gran i rimelig tid etter hogst.
Planting er fyrst og fremst aktuelt for gran på middels og god mark, og bør tilplanting bør gjennomførast innan 2 år etter hogst.
Antal planter/ daa skal variere med bonitet og driftsforhold.
Antal planter pr dekar finn du ved å telle plantene som kjem innenfor ein sirkel med radius på 4 meter (3,99) og multipliserer plantetallet med 20. Tips: Bruk en raje på 4 m.
Bestilling av planter til vårplantingen skjer via tilsendte plantebrosjyre fra planteskolen, på telefon. Frist for tinging er 1. mars.
Opplysningar om tidspunkt og henting får du tilsendt ved tinging av planter.
Planter til høstplantinga treng du ikke tinge på førehand. Ta kontakt med skogbruksleder i Viken Skogeierforening. anders.bergan@viken.skog.no
Naturleg forynging og såing
Denne foryngingsmetoden er mest aktuelt for forynging av furu. Planting av furu er mindre aktuelt. Det er kostbart å plante til med det antal som skal til for å produsere tilstrekkeleg god kvalitet, samtidig som vanlege plantingar vert sårbar for elgbeiting. Stadeigen frømateriasle sikrar dessutan eit godt utgangspunkt for kvalitetsproduksjon.
Dei mest aktuelle vegetasjonstypene for furu er bærlyngmark og lavmark, samt noko av blåbærmarktypen. I Øvre Hallingdal er det store variasjonar på topografi og jordbotn, og det vil ofte vera rett å kombinere granplanting med forynging av furu på ein og same foryngingsflate.
Furu vert ofte forynga med frøtrær (5-15 trær pr dekar avhengeg av bonitet). Der det ikkje finns nok med frøtrær er såing aktuelt supplement.
Du bør unngå å forynge furu i dei mest utsatte vinterbeiteområda for elg. Indikasjon får du vet å sjå på beitetrykket i området.
For å unngå risiko for beiteskader, bør du ikkje etablere små foryngingsflater men større flater.
Du bør markberede feltet i forkant fordi målet er å oppnå gode spireplassar på blottlagt mineraljord.Feltet må markberedes på forhånd. Nærare opplysningar om markberedning, naturleg forynging eller planter får du ved å kontakte skogbrukssjef i kommunen eller skogbruksleder i Viken Skogeierforening. anders.bergan@viken.skog.no