Skogbruk
Hol kommune har skogbrukssjef i 30 % stilling.
Det kommunale skogoppsynet har ansvaret for å utføre ei rekke oppgåver etter skogbruksloven, innan næringsutvikling og forvaltning av ulike verkemiddel. Me arbeider i hovudsak med statlege lovpålagte forvaltningsoppgåver samt planleggings- og veiledningoppgåver i skogbruket.
På desse sidene finn du informasjon om tenester som me utfører og om reglar som du må ha kjennskap til. Eksempelvis kan du få informasjon om korleis du går fram dersom du har planar om å bygge ein landbruksveg, ynskjer å omdisponere skogsmark eller hogge i vernskog. Me har også lagt ut informasjon om skogavgift og tilskot til investeringar i skogen slik at du kan utnytte skattefordelar m.m. Me har lagt opp til at du kan laste ned enkelte søknadsskjema på eigen skrivar samt klikke deg inn på aktuelt regelverk. Det er og lagt ut peikerar til ulike aktørar innan skogbruksnæringa og tilgrensande områder.
Skogareal i Hol:
93 000 daa produktiv skog i Hol.
Tregrensa går ved ca 900 m.o.h.