Velferdsenteret
Hol kommune vil ynskje alle seniorinnbyggjarar og uføretrygda velkomne til velferdsentra!
Hol Velferdsenter , avd. Geilo har lokaler på Geilotun.
Hol Velferdsenter, avd. Vika har lokale i Vika i Hol sentrum.
Kva kan så velferdsentra tilby?
Matsal, vask av tøy, transport til og frå senteret, datatøving, bokutlån frå biblioteket, bingo, underhaldning, andakt, allsang, trim, bading, veving, middagsservering tirsdag og fredag, handleturar, andre turar og ikkje minst sosialt samvær og ein god svall over ein kaffikopp!
Velferdssentra er ein del av kultur- og oppvekstetaten i Hol kommune. Dei har eit eige styre der brukarane frå begge sentra er representerte. Leiar i styret er for tiden Claus Quist-Hanssen. Karin Sundberg er tilsett som dagleg leiar og ho får god hjelp av brukarane i den daglege drifta. Dette skapar samhald og trivsel og er med på å byggje opp under det gode miljøet på sentra!
Velferdsentra er og formidlar av eldre hjelper kvarandre.
No håpar vi å sjå deg der òg...
Velkomen skal du vera!