Lars K. Ødegaard

L.K. Ødegaard vart fødd på garden Ødegaard i Lien, aust for Geilo i 1877. Han vart lærar og tok lærarutdanninga si i Elverum. Vidare gjekk han i lære hjå fotograf Larsen i Tønsberg og arbeidde seinare hjå fotograf Forbech i Kristiania.

Bilde av fotograf Lars K. Ødegaard

I 1902 flytta han til Nesbyen der han begynte som lærar ved Dokken skule. I 1907 tok han til med portrettfotografering, og i 1908 laga han sitt første prospektkort. I 1926 kjøpte han seg hus i Nesbyen sentrum som han ominreidde til eit eige fotoatelier og forretning.

Prospektkorta hans har motiv vesentleg frå strekningen Finse til Hønefoss, men også fra Uvdal og Valdres. Han tok seg av både fotografering, framkalling og bestillingar. På Skotterudmoen der han tidlegare budde og arbeidde, gjekk ein del av glasplatene hans tapt i ein brann. Ei av døtrene til Lars K. Ødegaard, Hildur Ødegaard gav dei glasplatene som var att til Hol Bygdearkiv i november 1996. Desse er no kopiert, ordna og registrert.
Lars K. Ødegaard gjekk bort i 1933.

Publisert
03.09.2007
Sist endret
03.12.2010
Publisert av
Jan Robert Wiik

Kontaktinformasjon

Hol Bygdearkiv

Dokumentarkivet
Telefon: 3209 2239

Fotoarkivet:
Telefon: 3209 2238

Åpningstider i arkivet:
Tirsdager 9-15 og 18-20
Torsdager 9-15

Ellers etter avtale.