Motiv fra Skurdalen. Foto: Furuseth
Skurdalen
Tek du RV 40 frå Geilo mot Kongsberg vil det etter ei liten mil koma til syne ei vakker fjellbygd. Skurdalen ligg ca 850 m.o.h og er blandt dei 3 fjellbygdene som ligg høgast i Norge.
Bygde strekkjer seg frå Nedrestøl i nord til Grevsgard i sør, omtrent 20 km lang. Det er omlag 240 fastbuande i bygde.
I Skurdalen er det godt å bu både for liten og stor, gamal og ung. Oppvekstsenteret med skule og barnehage er no felles for Skurdalen og Dagali, og fram til i dag har det vore enkelt å få plass i barnehagen.
Skurdalen vart seint tatt i bruk som fast busetnad, dei eldste gardsbruka skriv seg frå 1650 talet. Bygde vart då busett frå vest på det som truleg var stølar for gardane i Ustedalen.
Men det har vore verksemd i Skurdalen lenge før den tid. Lik dei andre dalføra i kommunene har det her vore mykje jernutvinning. Navnet Skurdalen er det fleire som hevdar kjem frå det gammelnorske navnet "skurfe" som nettopp tyder jern. Gamle steinalderplasser finn me og etter vassdraget.
Næringslivet i Skurdalen
Næringslivet er prega av mange små verksemder. Primærnæringane har framleis ein plass med 10 gardsbruk med aktiv drift, 8 driv med sauehald, 1 bruk med storfe og 1 gardsbruk driv mjølkeprodukjson.
Skog og utmark betyr ein del for mange av bruka. I 2005 er det og bygd eit småkraftverk i bygde.
Skurdalen har fleire håndverksverksemder
* Frydenlund snekkeri - Innreiingar og møblar.
* Frydenlund VVS
* Skurdalen Fjellskog - sag, snekkring og utemøblar.
* Halldalslaft - håndlafting.
* Gunnar Herleiksplass - innreiingar og senger.
* Trine Lilleslåtten - ysting og baking.
* Einar Haugen - bilverkstad og bildekk .
Turisme
* Lia Fjellhotell - 50 år i 2005, kjent for god mat og hyggeleg vertskap.
* TuvaTuristhytte - 90 år i 2005, ligg 1 mil inn på Hardangervidda, spesielt kjent for sine rømmevafler.
* Knuts Hyttegrend - Utleigehytter på åsen mellom Skurdalen og Geilo.
* Grevsgarddokken camping.
* Ruperanden, skikafe vinterstid.
* Fagerli leirskole - leirskule med mykje natur, padling og ridning, week-end/ferier, overnatting grupper.
Servicetilbud i Skurdalen
* Oppvekstsenter for Skurdalen og Dagali med skule og barnehage.
* Kyrkje med særpreg, bygd i 1969.
Kva kan du finne på i Skurdalen
* Køyre slalom eller snøbrett på Lia skisenter.
* Ake i akebakken på same skisenter
* Gå på ski i fjell og skogsterreng.
* Hesteridning.
* Hundekøyring
* Padla på det fine vassdraget i Skurdalen.
* Fiske i det same vassdraget eller i område rundt Tuva.
* Fotturar i nærmiljøet eller innover Hardangervidda.
* Sykkelturar, sykkelveg på sørsida av Skurdalsfjorden og flerie andre fine skogsbilvegar.
* Plukke bær og sopp.
* Skytetrening på skytebanen.
* Jakt.
Har du lyst kan du vera med i ulike lag og organisasjoner som tek vare på bygde si identitet
* Skurdalen Idrettslag.
* Fjellrosa 4H
* Skurdalen og Dagali skytterlag
* Skurdalen og Dagali pistolklubb
* Skurdalen Velforening.
* Skurdalen Historielag.